Kort fortalt

Ny kritikk mot manglar i NAV

Har ikkje gitt sjukmelde og AAP-mottakarar oppfølginga dei treng.

25.11.2025

(NPK-NTB): Sjukmelde får for lite oppfølging frå Nav, og vurderinga av sjukepenge- og AAP-søknader er ikkje streng nok, meiner Riksrevisjonen.

Navs innsats for å forhindre fråfall frå arbeidslivet er kritikkverdig, meiner Riksrevisjonen.

Det er det nest høgaste av tre kritikknivå som dei kan gi, mildare enn «sterkt kritikkverdig» og strengare enn «ikkje tilfredsstillande».

Andelen som får helserelaterte ytingar, har auka sidan 2019 og målet om å redusere fråfallet frå arbeidslivet er ikkje nådd, er blant konklusjonane.

Kort fortalt meiner Riksrevisjonen at Nav ikkje har god nok kontroll på om folk oppfyller krava for å få ytingar som sjukepengar, arbeidsavklaringspengar (AAP), og uføretrygd. I tillegg peikar dei på at sjukmelde får for lite oppfølging frå Nav, og at mange AAP-mottakarar ikkje deltek i arbeidsmarknadstiltak.

Riksrevisjonen tilrår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet sørgjer for at Nav får betre vilkår for å fange opp kven som treng meir oppfølging, og sørgjer for betre informasjonsutveksling mellom Nav, fastlegar og arbeidsgivarar.

I tillegg får departementet ei tilråding om å gjere at AAP blir ei «aktiv arbeidsretta yting, slik at arbeidsevna til mottakarane blir avklarte» i større grad enn i dag.

Det er andre gong på to veker at Nav får kritikk av Riksrevisjonen. 11. november gjekk Nav-sjef Hans Christian Holte av etter at det vart avslørt at Nav hadde feilinformert både departement og Riksrevisjonen.

(©NPK)

Publisert: 25.11.2025 13:03

Sist oppdatert: 25.11.2025 13:03

Mer om