Kort fortalt

Ny norsk-russisk havforskargruppe

Russarane omorganiserer havforskinga.

14.03.2019
NPK: I 2019 blir det oppretta ei ny norsk-russisk havforskargruppe som skal samordne vitskaplege data og felles forskingsprosjekt.
Russisk havforsking har nettopp gått gjennom ei omfattande omorganisering der til saman 28 institutt vart slegne saman. Difor blir det òg endringar i korleis forskingssamarbeidet mellom Noreg og Russland er organisert, melder .
Havforskingsinstituttet har samarbeidd med Det polare Havforskingsinstituttet i Murmansk (Pinro) i meir enn 60 år, men etter omorganiseringa er det Det føderale havforskingsinstituttet (Vniro) i Moskva, med over 5000 tilsette, som er HIs nye samarbeidspartnar.
Forskingsdirektør Geir Huse i Havforskingsinstituttet seier at det ikkje vil føre til store endringar i det norsk-russiske havforskingssamarbeidet.
– Vi kjem til å fortsette med felles tokt, samkøyring av forskingsmetodikk, ulike arbeidsmøte og datautveksling, seier han i ei pressemelding.
– Gruppa skal samordne norske og russiske forskingsresultat. I første omgang bør ho konsentrere seg om dei økonomisk viktige bestandane torsk, hyse og blåkveite, seier forskingsdirektør Oleg Bulatov i Vniro.

Publisert: 14.03.2019 11:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35