Ny oppfinning kan vere revolusjonerande for fiskehelsa
Sjuk laks er eit problem i oppdrettsnæringa. No har forskarar utvikla eit implantat som hentar informasjon om oppdrettslaksen sitt ve og vel ved hjelp av sensorar.
Det skriv Gemini.no.
Forskar Eirik Svendsen i Sintef Ocean er blant dei som jobbar med å utvikle ny teknologi som skal gi oss ny kunnskap om helsa til oppdrettsfisken.
– Fiskevelferda må bli betre, og oppdrettsnæringa treng å vite korleis oppdrettslaksen har det. Samtidig har vi få metodar for å undersøkje dette på individnivå.
Det finst allereie mykje teknologi som kan vere til hjelp for å observere og innhente data om korleis fisken i ein merd oppfører seg – det forskarane kallar åtferd på populasjons- og gruppenivånivå.
Det som trengst no er høgare oppløysing på velferdsskalaen, slik at ein har sikre målingar mellom dårleg velferd – død og god velferd – og berre «levande».
Og det er nettopp dette det nemnde implantatet skal brukast til. Det kan innhente mykje data samtidig – meir enn noka anna eksisterande løysing.
Publisert: 08.11.2023 15:10
Sist oppdatert: 08.11.2023 15:10