Kort fortalt

Ny prisrekord for bustad på søre

Einebustad i Ulsteinvik nær 14 millionar.

18.12.2023

Ein einebustad på Saunes i Ulsteinvik er selt for 13,8 millionar kroner, som er ny prisrekord på søre Sunnmøre.

Det skriv Vikebladet.

Wenche Iren Frøystad har kjøpt eigedomen av Peggy Susann Suøebakk og Tommy Sylte. Huskjøparen er frå Eiksund, men har budd i USA i fleire år.

– Vi skal ikkje flytte til Norge permanent, men vi vil tilbringe mykje meir tid i Ulsteinvik i åra som kjem. Vi gler oss til å vere ein del av lokalmiljøet, seier Frøystad til avisa om huskjøpet.

Publisert: 18.12.2023 10:31

Sist oppdatert: 18.12.2023 10:31

Mer om