Ny rapport utfordrar handlingsregelen
Seier at Noreg kan bruke meir oljepengar.
(NPK-NTB): Ein ny rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse seier at Noreg kan bruke meir oljepengar.
Rapporten «Ingen regel uten unntak», utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse på vegner av Redd Barna og Flyktninghjelpen, finn at det finst argument for å gjere ekstraordinære uttak av oljefondet, skriv Flyktninghjelpen i ei pressemelding.
Eit tungtvegande argument for å auke oljepengebruken er at kostnadene knytt til framtidige kriser truleg er høgare samanlikna med om vi førebyggjer og forhindrar, og at pengar som blir brukte utanfor fastlandsøkonomien ikkje er inflasjonsdrivande, finn rapporten.
– Overskotsnasjonen Noreg har eit unikt høve til å bidra til å løyse nokre av dei store utfordringane verda står i, uttaler generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen i pressemeldinga.
Vi bør tenkje nytt om oljepengebruken vår, konkluderer rapporten, samtidig som han peikar på at å bruke meir enn dagens handlingsregel på 3 prosent vil krevje breitt politisk fleirtal.
Generalsekretær Brigitte Lange i Redd Barna seier at det med rapporten kjem tydeleg fram at Noreg har ei forplikting til å levere på dei aukande nødhjelpsbehova verda står overfor.
– Vi ber om at politikarane skaffar seg det kunnskapsgrunnlaget dei treng for å kunne ta gode avgjerder om korleis formuen vår skal forvaltast til det beste for dei kommande generasjonane. Rapporten løftar opp fleire område som krev grundig utgreiing, men det hastar å komme i gang, seier Lange.
(©NPK)
Publisert: 15.08.2023 11:39
Sist oppdatert: 15.08.2023 11:39