Geiranger c
NY VEKST: Geiranger Camping i sentrum av turistbygda hadde rekordhøge inntekter i fjor. Foto: Geiranger Camping
Kort fortalt

Ny rekord for camping i Geiranger

Ny inntektstopp – og snudde minus til pluss.

Marius Rosbach
09.04.2024

Geiranger Camping hadde eit rekordår i 2023, viser rekneskapen som no er offentleg. Omsetninga har aldri vore høgare – og var nær ved å bikke sju millionar kroner.

Samtidig snudde selskapet eit lite minusresultat frå 2022, til eit overskot før skatt på drygt 300.000 kroner.

Geiranger Camping ligg i sentrum av Geiranger, ved enden av Geirangerfjorden. Her tilbyr ein camping med eller utan straum for bubilar, campingvogner og telt, og her er resepsjon med storkiosk.

Campingplassen er open frå slutten av april til 30. september, og Frank og Synnøve Maråk er eigarane av reiselivsverksemda. Selskapet hadde fem årsverk i arbeid i fjor.g

Geiranger Camping As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
6,95
5,97
Driftsresultat
0,30
-0,02
Resultat før skatt

0,32

-0,02

Publisert: 09.04.2024 16:16

Sist oppdatert: 09.04.2024 16:16

Mer om