Kort fortalt

Ny rekord for tømmerprisen

Også mengda auka.

22.10.2021

(NPK-NTB): I gjennomsnitt fekk skogeigarar 476 kroner per kubikkmeter med tømmer i årets tredje kvartal, ein auke på 32 prosent frå same kvartal i fjor.

Prisen i tredje kvartal i år er den nominelt høgaste tømmerprisen i eit kvartal nokon gong, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Også mengda auka. I alt selde skogeigarane 2,7 millionar kubikkmeter tømmer i tredje kvartal, ein auke på 17 prosent.

Sagtømmer stod for heile auken i volum, noko som blir forklart med ein ekstraordinær auke i trelastprisar i 2021. Auken i kubikkmeter er størst for gran, og der fekk skogeigarane utbetalt 607 kroner per kubikkmeter.

(©NPK)

Publisert: 22.10.2021 09:42

Sist oppdatert: 22.10.2021 09:44

Mer om