Kort fortalt

Ny rekord for Vinmonopolet

Selde 2,8 millionar liter på ei veke.

23.07.2021

Førre veke selde Vinmonopolet 2,8 millionar liter alkohol rundt om i landet, noko som er ny vekerekord i juli månad.

– Dette er tal som er ein klar indikasjon på at samfunnet gradvis blir normalisert. Men det er tydeleg at hetebølgja vi har hatt no, igjen har drege opp salet, seier kommunikasjonsrådgivar Hege-Lill Hagen Asp i Vinmonopolet til P4.

I Sør-Noreg har det vore svært varmt den siste tida. Hagen Asp seier at det er selt ekstra mykje kvitvin i områda der det har vore veldig varmt.

Til dømes vart det selt mest kvitvin på Tjøme, i Risør og Drøbak, der kvitvinsalet stod for rundt 38 prosent av det totale salet førre veke.

Når dei varme temperaturane fell, ventar Vinmonopolet ein moderat nedgang i salet.

– Då pleier vi å sjå salstala gå noko ned. Det reknar vi med vil skje no òg, seier ho.

Publisert: 23.07.2021 18:32

Sist oppdatert: 23.07.2021 18:34