Kort fortalt

Ny studie: Liten effekt

Klimakvotekjøp hjelper ikkje klimaet.

NPK
13.10.2023

NPK: Skogprosjekt i Asia, Latin-Amerika og Afrika blir finansiert av selskap som ønskjer å kompensere for CO2-utsleppa sine gjennom klimakvotar. No viser ein ny studie at prosjekta ikkje hjelper klimaet.

Det er forsking.no som skriv om studien som nyleg vart publisert i det vitskaplege tidsskriftet Science.

Klimaprosjekta klimakvotane ofte går til er gjerne forma ut for å bevare skog, som lagrar CO2 som ville vorte sleppt ut i atmosfæren viss trea vart hogne ned. Men prosjekta fører ikkje til mindre avskoging, ifølgje forskarane.

– Dei kommersielle prosjekta vi studerte, hadde ingen effekt, eller ein svært liten positiv eller negativ effekt, seier Sven Wunder, seniorforskar ved dei internasjonale skogforskingsorganisasjonane EFI og CIFOR, og tilknytt Københavns Universitet.

– Det er berre nokre unntak som har ført til store reduksjonar i avskoginga, men sjølv i desse tilfella er det ikkje så mykje som selskapa lovar, legg han til.

Publisert: 13.10.2023 06:52

Sist oppdatert: 13.10.2023 06:52