Kort fortalt

Ny tilvekst til Herøy-flåten

Kjøpte fem år gamal dansk båt.

24.03.2021

Herøyfjord vert namnet på båten som selskapet Traal AS har skaffa seg i Danmark, etter at reiarlaget har kjøpt seks år gamle Astrid frå eit dansk reiarlag i Skagen.

Samstundes har Traal AS seld 23 år gamle Herøyfjord til det danske reiarlaget, som har ny båt under bygging.

Sjølv om Traal AS har adresse Skudeneshamn, eig herøyværingar rundt 70 prosent av selskapet, der Eros-reiarlaget er størst med 41,9 prosent.

Nye Herøyfjord kom til Herøy denne veka, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

Båten er 70 meter lang, 15 meter brei.

Til Vestlandsnytt seier skipper og medeiar Stig Arne Sævik at ein gjorde seg ferdig med sildekvota før båtbytet. No er det tobisfiske som står for tur, medan ein satsar på å ta kolmulekvoten utetter året i eit blandingsfiskeri med andre fiskeslag.

Herøyfjord nye
HERØYFJORD: Nye Herøyfjord vert Fosnavåg-registrert. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 24.03.2021 17:05

Sist oppdatert: 24.03.2021 17:15