Geir Bruvik Mjelde foto fjord1
NY SJEF: Geir Bruvik Mjelde kjem til Fjord1 etter å ha vore reiarsjef i Kristian Gerhard Jebsen Skipsrederi i Bergen. Foto: Fjord1
Kort fortalt

Ny toppsjef tek over i Fjord1

Dagfinn Neteland gir seg etter ti år i jobben.

Marius Rosbach
30.04.2025

Dagfinn Neteland går av som toppleiar i Fjord1 og ny administrerande direktør er Geir Bruvik Mjelde. 

Neteland har siste dag i jobben 31. mai og Mjelde starta 1. juni. 

Prosessen med å finne ein arvtakar har vore planlagd over lengre tid i tett dialog med styreleiar og eigarar. 

Neteland har vore toppsjef i ti år. 

– Vi har erstatta dieselfartøy med ny miljøvennleg teknologi, og no står neste generasjon hurtigbåt og autonomi for tur, eit symboltungt bevis på kor langt vi er kome. For meg er «ringen slutta» her, og det er berre positivt at nye krefter tek over, uttaler Neteland. 

Mjelde som snart skal inn i sjefsstolen kjem inn i Fjord1 med ein solid bakgrunn innan ei rekke toppstillingar i ulike selskap, sist som administrerande direktør i Kristian Gerhard Jebsen Skipsrederi i Bergen. 

Publisert: 30.04.2025 08:52

Sist oppdatert: 30.04.2025 09:33

Mer om