Kort fortalt

Ny veg Eidsdal og Geiranger forseinka

Tunnelprosjekt blir også dyrare.

09.03.2023

Vegprosjektet Korsmyra-Indreeide mellom Eidsdal og Geiranger er forseinka. I staden for å opne til hausten, vil vegen først vere klar våren 2024, skriv Sunnmørsposten.

Vegprosjektet blir også minst 50 millionar dyrare, ifølgje ei orientering frå fylkeskommunedirektøren til samferdsleutvalet. Årsaka er mellom anna mykje vatn i fjellet og sein levering av straumnett.

Rekninga for arbeidet som skal gi tryggare veg vinterveg mellom Eidsdal og Geiranger, er no oppe i 1,1 milliardar kroner.

Publisert: 09.03.2023 11:15

Sist oppdatert: 09.03.2023 11:17

Mer om