Kort fortalt

Ny vekst etter oppkjøp for reinhaldsaktør

Auka inntektene etter oppkjøp.

Marius Rosbach
02.03.2026

Møre Drift leverte eit rekneskap for 2025 som viser ny vekst i omsetninga. I fjor nådde dei 62 millionar i driftsinntekter – opp frå kring 51 millionar året føre. 

Sidan 2022 har aktiviteten og omsetninga auka med kring 50 prosent. Lønnsemda gjekk litt ned i 2025, samanlikna med året før (sjå tabell under). 

Etter at det blei teke utbytte på kring 6,5 millionar etter 2024, blir det ikkje bokført utbytte etter fjoråret. 

Møre Drift AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt62,351,4
Driftsresultat4,46,3
Resultat før skatt4,85,9

I fjor sommar kjøpte Møre Drift selskapet Multi Marine Facility Services, som er fusjonert inn med verknad frå starten av 2025.

Då opplyste selskapet at kring 70 prosent av inntektene deira kom frå reinhald, og resten frå kantine og vaskeritenester. 

Møre Drift har avdelingar i Kristiansund, Molde og Hareid – og utvida også verksemda ved å kjøpe opp eit reinseri i Kristiansund i løpet av 2025.

Selskapet sysselsette 61 årsverk i fjor. 

Publisert: 02.03.2026 13:40

Sist oppdatert: 02.03.2026 13:40

Mer om