Ifølgje sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa blant personar i aldersgruppa 15-74 år opp med 11 000 personar frå april (gjennomsnitt av mars–mai) til juli (gjennomsnitt av juni–august).
Dette opplyser
Ser ein berre på dei i aldersgruppa 25-74 år, viser AKU ein auke i arbeidsløysa på 12 000 personar.
Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar frå april til juli. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Summen av registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV har lege stabilt på rundt 100 000 personar i heile 2016.
Statistisk Sentralbyrå viser til at i Frankrike og Sverige gjekk arbeidsløysa opp 0,4 prosentpoeng frå høvesvis 9,9 og 6,7 prosent til 10,3 og 7,1 prosent frå april til juli. I EU gjekk arbeidsløysa ned 0,1 prosentpoeng i same periode, frå 8,7 til 8,6 prosent. I Tyskland, Danmark og USA gjekk arbeidsløysa også ned 0,1 prosentpoeng. I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 4,2 prosent av arbeidsstyrken i juli, i Danmark 6,2 prosent og i USA 4,9 prosent.

Publisert: 21.09.2016 10:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44