Kort fortalt

Nye 300 millionar til event- og reiselivsnæringa

Kriseordning for omstilling.

24.02.2021

(NPK-NTB): Event- og reiselivsnæringa får tilført nye 300 millionar kroner til ordninga for omstilling.

Ordninga skal gjere det lettare for bedrifter å tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i marknaden.

– Det har vore stor interesse i både første og andre søknadsrunde, og Innovasjon Noreg har fått mange gode prosjektsøknader. Med ei auka ramme, kan Innovasjon Noreg gi fleire tilsegner til gode prosjektsøknader, og fleire bedrifter vil no få moglegheit til å gjennomføre nye omstillingsprosjekt for å tilpasse seg situasjonen dei står i, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

418 event- og reiselivsbedrifter i heile landet har fram til no fått til saman 348 millionar kroner til ulike omstillingsprosjekt.

Event- og reiselivsbedriftene må kunne dokumentere eit omsetningsfall på meir enn 30 prosent for å få tilskot i ordninga. I første runde fekk 241 bedrifter til saman 237 millionar kroner, medan 616 bedrifter har søkt om til saman 890 millionar i andre runde.

(©NPK)

Publisert: 24.02.2021 16:12

Sist oppdatert: 24.02.2021 16:14

Mer om