Kort fortalt

Nye 500 millionar i koronastøtte

Regjeringa fyller på den kommunale kompensasjonsordninga med 500 millionar til kroner.

11.01.2022

Forslaget blir fremja fredag.

– Vi kjem til å foreslå for Stortinget å leggje til 500 millionar kroner i den kommunale kompensasjonsordninga. Den ordninga treffer i større grad dei mindre lokale aktørane, som reiselivsbedrifter, restaurantar og utestader, enn dei andre ordningane, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Forslaget blir oversendt Stortinget fredag samtidig som samleproposisjonen for heile kompensasjonsregimet som er etablert for å avhjelpe skadeverknadene av koronapandemien, blir lagd fram.

Kommunane vil med dette ha fått til saman over 4 milliardar kroner frå den kommunale kompensasjonsordninga for å hjelpe det lokale næringslivet. Så seint som rett før nyttår vart det fordelt 500 millionar kroner. No kjem endå ein halv milliard som skal gjere tilværet litt mindre vanskeleg for bedrifter som har opplevd «dårlegare omsetning og tøffare tider» som følgje av smittevernrestriksjonane, ifølgje Vedum.

Oslo er den desidert største enkeltmottakaren av midlar frå den kommunale ordninga før denne siste runden med over 684 millionar kroner. Viken er det fylket som har fått mest frå ordninga, nesten 776 millionar kroner.

Publisert: 11.01.2022 13:54

Sist oppdatert: 11.01.2022 13:55

Mer om