Kort fortalt

Nye fartsgrenser på sjøen

Nytt regelverk frå årsskiftet.

03.01.2022

(NPK-NTB): Eit omfattande nytt statleg regelverk for fartsgrenser på sjøen tredde i kraft frå og med 1. januar i år. Ein del skilt kan dermed vere utdaterte.

Den nye forskrifta frå Kystverket inneber at 125 lokale fartsforskrifter i 95 kommunar blir oppheva.

– Dette betyr at det vil vere nye fartsgrenser i ein del område. Sjekk gjerne karta som viser regulering av fart for næringsfartøy , og karta som viser fartsgrenser for fritidsfartøy , seier Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamner og farleier i Kystverket.

Kystverket set fartsgrensene for fritidsfartøy i hovud- og bileiene og for næringsfartøy, medan det er kommunane sjølve som lokalt set fartsgrensene for fritidsfartøy i eige sjøområde.

Sjøfartsdirektoratet varslar om at sjøfarande i ein periode fram mot våren kan oppleve at skilta som viser fartsgrensene, ikkje er korrekte.

– Dette kjem av at både Kystverket og kommunane treng litt tid for å få gjort dei nødvendige endringane på skilta.

Dei nye statlege fartsreguleringane finn ein på Lovdata. Dei kommunale fartsgrensene må ein finne hos kommunane.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2022 09:59

Sist oppdatert: 03.01.2022 10:00

Mer om