Kort fortalt

Nye ferjesamtalar på Stortinget

Forsøker blir samde om ferjeprisane.

22.02.2021

(NPK-NTB): Arbeidarpartiet har invitert Framstegspartiet, Senterpartiet og SV til møte for å gjere eit nytt forsøk på å bli samde om ferjeprisane.

Møtet mellom dei fire opposisjonspartia er planlagt måndag klokka 15, får NTB opplyst.

– Det er openbert eit fleirtal i Stortinget for lågare ferjeprisar. Alle opposisjonspartia meiner det. Då bør vi sørgje for å få eit fleirtal for det, seier transportpolitisk talsperson Sverre Myrli i Arbeidarpartiet.

Bakteppet er at Ap, Frp og Sp alle har gått inn for å minst halvere ferjeprisane.

Dei tre partia har fleirtal saman på Stortinget, men kniving dei imellom om nøyaktig korleis ferjeløftet skal formulerast, har ført til at ingen forslag så langt har fått gjennomslag.

Saka kjem på spissen tysdag når Stortinget i plenum skal votere over den nye krisepakken til regjeringa for norsk økonomi.

Der ligg tre separate ferjeforslag inne, to frå Frp og eitt frå Ap.

Myrlis håp er at opposisjonen no skal klare å skrive seg saman om eit felles forslag.

(©NPK)

Publisert: 22.02.2021 15:12

Sist oppdatert: 22.02.2021 23:54

Mer om