Kort fortalt

Nye høgdetilbod i Loen

Opnar ny ekstremrute.

28.02.2019
NPK: Via Ferrata Loen opnar i mai ei ny ekstremrute. På fjelltoppen Hoven i nærleiken av Loen Skylift blir det dessutan opna to nye zip lines med luftige svev.
Det fortel Fjord Norge i eit nyheitsbrev. Den nye ekstreme klatreruta har vanskegrad F og blir karakterisert som ei av dei mest krevjande klatrerutene i landet. Med den nye klatreruta meiner Fjord Norge at Via Ferrata Loen er eitt av dei mest fullstendige tilboda i sitt slag i Europa.
Bransjeorganisasjonen gjer det samtidig klart at den nye klatreruta ikkje er for kven som helst og krev sin mann og si kvinne – men at utsikta på toppen er fantastisk.
Flott utsikta kan ein også få når Loen Active opnar to såkalla zip lines der folk kan flyga over øvste delen av Tungegjølet og nyta utsikta frå 1000 meters høgd. Dei to «løypestrengene» ligg cirka ti minutt gåtur unna Loen Skylift og blir 125 og 95 meter lange.

Publisert: 28.02.2019 17:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35