Kort fortalt

Nye kraftkonsesjonar

Ni nye kraftverk fekk konsesjon.

01.11.2016
(NPK): Olje- og energidepartementet, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og fylkeskommunane gav i tredje kvartal endeleg løvye til utbygging av til saman 167 GWh ny vasskraftproduksjon i Noreg.
Av dette gjaldt brorparten, 109 GWh, konsesjonane til Tokagjelet kraftverk i Kvam i Hordaland og Rafoss kraftverk i Kvinesdal i Aust-Agder. Resten av den nye kapasiteten er fordelt på sju nye småkraftverk og eit løyve til utviding av eit mindre kraftverk.
Styresmaktene avviste i tredje kvartal ti småkraftverksøknadar, opplyser NVE.
Så langt i år er det gitt løyve til utbygging av i alt 2 TWh kraftproduksjon, ein auke på 1,4 prosent av den samla kraftproduksjonen i Noreg i fjor.
I alt 57 småkraftverk, 4 større vasskraftverk og 3 vindkraftprosjekt har fått utbyggingskonsesjon eller konsesjonsfritak i 2016. I tillegg har 6 kraftverk fått løyve til opprusting og utviding dei tre første kvartala i år.
Ved utgangen av tredje kvartal var 541 godkjende utbyggingsprosjekt med ein samla produksjon på 16,2 TWh framleis urealiserte. (©NPK)

Publisert: 01.11.2016 15:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43