(NPK): Å stramme inn reglane for bustadlån råkar distrikta. Bustadmarknaden er eit Oslo-problem, meiner banksjefar.
Finanstilsynet føreslo torsdag nye innstrammingar i reglane for bustadlån. Kredittsjefen i Sparebanken 1 SMN, Endre Jo Reine, meiner reglane er gift for bustadmarknaden utanfor byane for å bøta på eit Oslo-problem.
– Innstrammingane påverkar bustadmarknaden der han er i balanse, seier Reine til .
Ifølgje analysar kredittsjefen har gjort vil mange i distrikta slita med å få mellomfinansiering til ein bustad som kostar 20 prosent meir enn noverande bustad.
Direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, seier til at regjeringa bør innføra regionale reglar for bustadlån, slik ein har gjort i Danmark. Der gjeld strengare lånereglar berre for pressområda.
Kjerpeseth viser til at bustadprisane i Oslo har stige med 16 prosent det siste året, medan prisane har sokke 6 prosent i Stavanger. (©NPK)

Publisert: 08.09.2016 13:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44