Kort fortalt

Nye planar for tidlegere Ekornes-bygg

Hareid-selskap har kjøpt eigdomen.

18.01.2022

Holstad Eiendomsutvikling har kjøpt eigedomen med det tidlegare Ekornes-bygget på Hareid for 9,6 millionar kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Eigedomen på 23 mål og bygingsmasse på kring 12.500 kvadratmeter har stått tomt sidan møbelprodusenten flytta frå kommunen i 2017. Vikebladet har tidlegare omtalt at prisforslaget allereie året etter var kutta frå 35 til 18 millionar.

Hans-Ola Holstad i Holstad Eiendomsutvikling fortel at dei ønsker fleire næringsaktørar inn i bygget, og at dei vil kome med ei konseptskisse for korleis dei ser føre seg bruken.

Publisert: 18.01.2022 11:08

Sist oppdatert: 18.01.2022 11:09

Mer om