Det blir no opna for at løyve blir tildelt som ein eigen kategori.
– Startskotet for havbruk til havs har allereie gått, og no har vi fastsett rammene for arealprosessen og for tildeling av løyve. Vi hadde regelverket på høyring i vår, så no er eg glad for at vi har fått dette også på plass, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.
Laksetildelingsforskrifta inneheld eit nytt kapittel fire, som regulerer havbruk til havs. Produksjonsområdeforskrifta har også fått eit nytt vedlegg som dreg opp nye yttergrenser for produksjonsområda trafikksystemet gjeld.
– Vi må ha eit solid regelverk som sikrar både folk, fisk og anlegg når vi opnar for etablering til havs. Ikkje minst blir det viktig å sørgje for at dette skjer på ein berekraftig måte og i sameksistens med andre næringar som bruker havområda, seier Skjæran.
Publisert: 08.11.2022 12:19
Sist oppdatert: 08.11.2022 12:21