Kort fortalt

Nye reglar for heimekontor

18.03.2022

(NPK-NTB): Bruk av heimekontor har auka dei siste åra, og arbeidsmiljølova blir justert som følgje av dette, opplyser arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

– Det betyr at arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova blir gjort gjeldande òg for heimearbeid. Vi meiner behovet for vern ikkje er mindre for arbeid heime enn arbeid frå kontoret. Forsking tyder tvert imot på det motsette, seier Mjøs Persen (Ap).

Endringane trer i kraft frå 1. juli 2022 og omfattar mellom anna ei tydeleggjering av at krav til det psykososiale arbeidsmiljøet òg gjeld når arbeidstakaren jobbar heimanfrå, og at dei same reglane for arbeidstid skal gjelde ved heimekontor som ved arbeid på arbeidsplassen.

(©NPK)

Publisert: 18.03.2022 12:51

Sist oppdatert: 18.03.2022 12:51

Mer om