Kort fortalt

Nye SAS-forhandlingar onsdag

Ingen løysing på streiken.

12.07.2022
(NPK-NTB): SAS og pilotforeiningane skal onsdag møtast for å ta opp att forhandlingane i eit forsøk på å få slutt på SAS-streiken. Det skjer i Stockholm.

Det stadfestar pilotleiarane Jan Levi Skogvang i SAS Norge Flygerforening og Roger Klokset i Norske SAS-flygeres forening overfor NTB.

– Vi møter opp og er spente på kvar SAS står no, seier Skogvang.

Begge leiarane stussar over at møtet først skjer onsdag. Klokset opplyser til NTB at det er meklarane som har kalla inn partane den dagen.

– Det er ukjent for oss kvifor det ikkje skjer tysdag, seier han.

NTB har prøvd å få kontakt med riksmeklaren tysdag, men har ikkje fått svar.

– Må omstille seg
Den norske riksmeklaren Mats Wilhelm Ruland oppmodar partane til å gå kvarandre i møte.

– Her nyttar det ikkje å gi opp, og eg håpar partane skal klare å finne ei løysing. Dette føreset likevel at dei omstiller seg frå posisjonane dei har no, og nærmar seg kvarandre igjen, seier han til TV 2.

159 flygingar til og frå Noreg har vorte kansellerte tysdag som følgje av SAS-streiken, viser tal frå Avinor.

– Stiller sjølvsagt
SAS tok måndag initiativ til å ta opp att forhandlingane for å prøve å få ein slutt på streiken.

Leiar i Norske SAS-fflygeres forening, Roger Klokset, er positiv til å ta opp att forhandlingane.

– Vi stiller sjølvsagt. Vi har heile tida oppmoda SAS til å komme oss i møte og ta opp att forhandlingane. Pilotforeiningane har heile tida ønskt å finne ei løysing. Derfor håpar vi no at SAS kjem med realistiske forslag slik at vi får avslutta streiken, sa han måndag.

Må finne ei løysing
I ei pressemelding skreiv flyselskapet at partane er nøydde til å finne ei løysing på streiken i fellesskap.

– Den pågåande streiken påverkar tusenvis av kundane våre dagleg, og mange tilsette i SAS jobbar veldig hardt for å støtte ramma kundar. Det er nødvendig at partane i fellesskap får slutt på situasjonen.

Flystreiken starta måndag 4. juli. Rundt 900 pilotar i Noreg, Sverige og Danmark har vorte tekne ut i streik.

Publisert: 12.07.2022 10:26

Sist oppdatert: 12.07.2022 10:29

Mer om