Toril hovdenak foto mrfylke 11
NYTT KUTTFORSLAG: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak har også tidlegare foreslått å legge ned båtruta til Hamnsund. No kjem forslaget tilbake på bordet til politikarane. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Nytt forslag om hurtigbåtkutt

Vil droppe Hamnsund-ruta for å spare.

Marius Rosbach
06.11.2025

Fylkeskommunedirektøren innstiller på nytt å legge ned hurtigbåtruta mellom Hamnsund og Ålesund. 

Forslaget går ut på å droppe ruta frå utløpet av dagens kontrakt 31. desember 2026.

Nedlegging av båtruta er ein del av framlegget til økonomiplan for 2026-2029, og er også ei eiga sak for samferdselsutvalet måndag 10. november (ekstern lenke).

Bakgrunnen for nedleggingsforslaget er låg bruk, høge driftskostnadar og store CO₂-utslepp, ifølgje sakspapira. 

For innbyggjarane på Store Kalvøy, som i dag har eit godt kollektivtilbod via Hamnsundruta, foreslår fylkeskommunedirektøren ei mindre lokal båtrute med eit fartøy tilpassa øya sine behov.

Publisert: 06.11.2025 10:27

Sist oppdatert: 06.11.2025 10:28

Mer om