Kort fortalt

Nytt forum skal hjelpe maritim næring

Tilbyr hjelp med å løyse teknologiske utfordringar. 

26.04.2021

(NPK-NTB): For å tilby den maritime næringa hjelp til å løyse teknologiske utfordringar, har Sjøfartsdirektoratet vore med på å opprette eit internasjonalt forum.

Fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad fortel at Maritime Technologies Forum (MTF) skal byggje bru mellom teknologi og regelverksprosessar.

Han seier at å redusere miljøavtrykket er høgt prioritert for norske styresmakter og Sjøfartsdirektoratet.

– For å nå dei nasjonale og internasjonale måla, må endringstakten aukast. Ny teknologi gir enorme moglegheiter, men det er nødvendig med ytterlegare forsking, retningslinjer og forskrifter for å sikre at teknologien blir implementert trygt og effektivt, seier han.

Sentrale satsingsområde for forumet vil vere energieffektivitet, alternative drivstoff og auka bruk av autonome fartøy.

MTF er stifta av Sjøfartsdirektoratet, American Bureau of Shipping (ABS), DNV, Det maritime kontoret ved det japanske departementet for jordbruk, infrastruktur, transport og turisme (MLIT), Lloyd's Register (LR), Nippon Kaiji Kyokay (ClassNK), Maritime and Coastguard Agency (MCA), ifølgje ei melding frå direktoratet.

(©NPK)

Publisert: 26.04.2021 16:08

Sist oppdatert: 26.04.2021 16:11

Mer om