Kort fortalt
Nytt nei til småkraft i Gloppen
Olje- og energidepartementet står ved avslag.
29.11.2021
Olje- og energidepartementet held oppe avslaga som er gitt av NVE i tre småkraftsaker i Agder, Vestland og Innlandet fylke, melder departementet.
Det gjeld mellom anna søknaden om å auke slukeevna i Breidalselva kraftverk i Ryggelva i Gloppen kommune i Vestland. Departementet meiner at den noverande slukeevna i kraftverket er relativt høg, gitt at Ryggelva er eit verna vassdrag, ifølgje Olje- og energidepartementet.
Publisert: 29.11.2021 14:03
Sist oppdatert: 29.11.2021 14:06