Kort fortalt

Nytt olje- og gassfunn i Nordsjøen

Funn i felt frå 2002.

16.02.2026

NPK-NTB: Equinor og partnarar har funne olje og gass i eit prospekt det vart tildelt utvinningsløyve for tilbake i 2002.

Funn-prospektet blir kalla «Granat» og vart gjort i nærleiken av Gullfaks-feltet, 190 kilometer nordvest for Bergen, skriv Sokkeldirektoratet i ei pressemelding.

Storleiken på funnet er mellom 0,2 og 0,6 millionar standardkubikkmeter utvinnbare oljeekvivalentar, noko som svarer til 1,3–3,8 millionar fat.

Ein annan undersøkingsbrønn i same prospekt var tørr. Utvinningsløyvet for denne vart tildelt tilbake i 1988.

Publisert: 16.02.2026 11:53

Sist oppdatert: 16.02.2026 11:53