Nytt oljefunn i Nordsjøen
Equinor med funn nær Troll og Fram.
Equinor har gjort nye funn av olje- og gass nær Troll- og Fram-området i Nordsjøen. Det er det sjette funnet i same område sidan 2019.
Førebelse berekningar av storleiken på funnet er mellom 4 og 8 millionar standard kubikkmeter utvinnberre oljeekvivalentar eller 25 til 50 millionar fat utvinnberre oljeekvivalentar. opplyser Equinor.
– Det er svært gledeleg med endå eit funn som vi reknar som kommersielt i dette området. Til liks med dei andre funna i området, vil vi vurdere å knyte dette til Troll B- eller C-plattforma. seier direktør Lill H. Brusdal i Equinor.
Equinor eig 51 prosent av leitelisensen, medan DNO eig 29 prosent og Idemitsu og Longboat Energy 10 prosent kvar.
Funnet har førebels fått namnet Kveikje.
Publisert: 11.04.2022 10:44
Sist oppdatert: 11.04.2022 10:46