Kort fortalt

Nytt prishopp på mat til sommaren

Stig som følgje av Ukraina-krigen.

NPK
28.03.2022

(NPK): Til sommaren kjem matvareprisane til å auke ytterlegare på grunn av krigen i Ukraina, varslar matvareprodusenten Orkla. Mangel på solsikkeolje fører til problem i produksjonen av blant anna Nugatti.

– Mange bedrifter får viktige råvarer frå Ukraina. Det er det slutt på. Då må ein finne alternativ, og alternativa aukar kraftig i pris, seier konserndirektør Håkon Mageli i Orkla til NRK.

I årsrapporten for 2021, som kom nyleg, varslar Orkla at dei vil sette opp prisane ytterlegare til sommaren. Selskapet produserer ei rekkje merkevarer til daglegvare og viser til prisauke på råvarer, emballasje, energi og transport.

Enkelte råvarer, som solsikkeolje, er vorte nesten umogleg å få tak i. Det fører blant anna til problem i produksjonen av Nugatti, der palmeoljen vart erstatta med solsikkeolje for nokre år sidan. Russland og Ukraina står for om lag 75 prosent av verdsproduksjonen. No arbeider Orkla med å finne andre alternativ, men ifølgje NRK kan det vere aktuelt å ta tilbake palmeoljen.

– Vi gjer alt vi kan for å finne alternativ til solsikke og solsikkeolje og andre råvarer som kjem frå Ukraina, fortel Mageli. Han opplyser også at det er for tidleg å seie kor mykje daglegvarene vil auke i pris.

Forbrukarrådet og konkurransetilsynet åtvarar mot å auke prisane meir enn situasjonen gir grunnlag for og seier dei vil følgje godt med på prisaukane.

(©NPK)

Publisert: 28.03.2022 10:49

Sist oppdatert: 28.03.2022 10:52

Mer om