Geir Karlsen CEO Norwegian bors og bacalao 2025 foto Ogne
SUNNMØRING: Geir Karlsen frå Sykkylven har vore konsernsjef i Norwegian sidan 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Nytt rekordsterkt kvartal fra Norwegian

– Vi er svært fornøgde, seier konsernsjef Geir Karlsen.

22.10.2025

(NPK-NTB): Det norske flyselskapet Norwegian tente gode pengar i sommar, og kan skilte med eit rekordsterkt kvartal.

– Vi er svært fornøgde med endå ein gong å kunne rapportere eit rekordkvartal, seier konsernsjef Geir Karlsen i ei børsmelding.

I same kvartal i fjor tente Norwegian ifølgje Dagens Næringsliv 2 milliardar kroner i resultatet før skatt, med andre ord ein solid auke i år.

Gjennom sommaren flaug Norwegian 7,28 millionar passasjerar, med ei fyllingsgrad på 88,3 prosent per fly, opp 0,3 prosent frå same periode i for.

For Widerøe, som også er ein del av Norwegian-gruppa, vart det eit solid tredje kvartal. Selskapet hadde 1,12 millionar passasjerar.

– Widerøes gjentekne passasjerrekordar fortener også anerkjenning, i september og i september hadde selskapet det høgaste passasjertalet i den meir enn 90 år lange historia til selskeapet, uttaler Karlsen.

Gjennom kvartalet har Norwegian-gruppa valt å bruke ein opsjon i avtalen med flyleverandør Boeing, som skal sikre selskapet 30 nye fly til, noko som tek heile bestillinga opp til totalt 80.

– Ved å utøve kjøpsopsjonen for Boeing held vi oppe fleksibilitet samtidig som vi forsterkar engasjementet vårt for å drive ein av Europas mest moderne og drivstoffeffektive flåtar, fortel Norwegian-sjefen.

(©NPK)

Publisert: 22.10.2025 09:49

Sist oppdatert: 22.10.2025 09:49

Mer om