(NPK-NTB): Oppdrettskjempa Mowi fekk eit driftsresultat på 213 millionar euro – 2,4 milliardar kroner – i fjerde kvartal. Aksjonærane får 791 millionar kroner i utbytte.
Omsetninga i dei tre siste månadene av fjoråret vart på 1,59 milliardar euro, som svarer til 17,9 milliardar kroner med dagens kurs. Det er ein auke frå 1,5 milliardar euro i same periode året før.
– 2025 markerte nok eit rekordår for Mowi, og i 2026 forventar me å halde fram utviklinga og slakta 605.000 tonn, skriv konsernsjef Ivan Vindheim i Mowi i ei børsmelding.
Dette representerer ein årleg vekst på 8,3 prosent, seier Vindheim og viser til at for næringa er forventninga ein vekst på 1 prosent.
– I tillegg har me aldri hatt meir fisk i sjø på dette tidspunktet av året med 8,7 prosent meir enn på same tid i fjor. Det gjer oss godt posisjonert for vidare vekst, seier Vindheim.
Resultatet gjer at aksjonærane får 1,50 kroner per aksje i utbytte. Dette utgjer 791 millionar kroner, skriv E24.
Vindheim peikar på både rekordvolum og rekordinntekter gjennom heile verdikjeda. Han viser også til at kostnadene har falle med til saman 176 millionar euro i 2025 (2,1 milliardar kroner), og at dei er venta å søkka ytterlegare i 2026.
Ifølgje Mowi var den auka lakseprisen i fjerde kvartal forventa, i eit år som har vore prega av låge lakseprisar som resultat av svært høg tilbodsvekst på 12 prosent.
Det samla driftsresultatet for fjoråret vart på 727 millionar euro.
(©NPK)
Publisert: 11.02.2026 08:24
Sist oppdatert: 11.02.2026 08:24






