Kort fortalt

Nytt slakteri på Otta

Satsar 60 millionar kroner.

Marius Rosbach
12.02.2021

NPK: Slakteria Fatland og Jæder i Rogaland har vedteke å satse 60 million kroner på Gudbrandsdal Slakteri på Otta i Gudbrandsdalen. Det private slakteriet kjem i stand etter at Nortura bestemte seg for å leggje ned slakteriet sitt på Otta i 2019.

Det nye anlegget blir på 9.500 kvadratmeter – og med rundt 50 årsverk og årleg kapasitet til å slakte 20.000 storfe og 60.000 sau, fortel Nationen.

– Vi får no på plass arbeidsplassar og verdiskaping basert på eigne råvarer, og det vi er gode på i regionen vår. Eit merkeleg 2020 har forseinka oss, men også gjort at planane vi no har, er betre enn om vi hadde sett spaden i jorda i fjor, seier styreleiar i Gudbrandsdal Slakteri AS, Terje Jonny Sveen, i ei pressemelding.

– Det enorme engasjementet i regionen, i tillegg til at det nye slakteriet blir plassert midt i spiskammerset på Austlandet, har vore avgjerande for valet vårt, uttaler Terje Wester, konsernsjef i Fatland.

Dagleg leiar i Jæder, Guro Espeland, fortel at dei blant anna ønskjer å sjå på vidareforedling, slik at enkelte produkt blir lokalproduserte og kan promotere merkevara «Gudbrandsdalen».

Publisert: 12.02.2021 12:36

Sist oppdatert: 15.02.2021 13:04

Mer om