Kort fortalt

Nytt toppår for Ulstein-firma

Betra lønnsemd for Beslag & Ventilasjon.

Marius Rosbach
27.03.2025

Ulstein-selskapet Beslag & Ventilasjon fekk eit nytt år med over fem millionar i inntekt i fjor. 

Lønnsemda vart betre enn året før, og litt over «midt på treet» av dei siste fem rekneskapsåra.

Selskapet vart starta opp i 2007, og driv med liftutleige, i tillegg til beslag, pipekledningar og ventilasjon.

Oskar Grimstad eig 50 prosent av selskapet, Dag Ulstein Kristensen 40 prosent og Jan Kåre Sandvik 10 prosent.

Samla eigenkapital var ved utløpet av fjoråret på 1,2 millionar kroner, og langsiktig gjeld på kring 1,8 millionar.

 Beslag & Ventilasjon AS  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekt5,25,2
Driftsresultat0,50,2
Resultat før skatt0,30

Publisert: 27.03.2025 16:48

Sist oppdatert: 27.03.2025 16:48

Mer om