Kort fortalt

Nær ein av ti har flytta bustadlånet

Har aldri vore målt høgare aktivitet blant bankkundane.

12.02.2024

(NPK-NTB): Det har aldri vorte målt så høg aktivitet blant bankkundane, viser ny undersøking frå arbeidsgivar- og næringsorganisasjonen Finans Norge.

Over halvparten av alle lånekundane i undersøkinga har flytta, reforhandla eller sjekka at dei hadde gode lånevilkår i 2023.

7,2 prosent har flytta lånet mellom to bankar det siste året, og av dei som ikkje har flytta, så har 25,5 prosent vore i kontakt med banken om bustadlånsrenta. 26 prosent av dei spurde har flytta innskotskonto mellom to bankar, viser undersøkinga.

– Norske bankkundar følgjer med og utfordrar jamleg bankane på vilkåra sine, seier administrerande direktør Kari Olrud Moen i Finans Norge i ei pressemelding.

Vidare viser undersøkinga at folk er opptekne av brukarvennlegheit hos banken sin. Dei viktigaste kriteria for folk når dei skal velje bank er rente på lånet, rente på innskot, brukarvennlegheit og at dei har ein god rådgivar i banken.

66 prosent har fleire enn eit banksamband.

Undersøkinga er gjennomført av Opinion på oppdrag frå Finans Norge i januar 2024, med eit representativt utval på 1010 respondentar.

(©NPK)

Publisert: 12.02.2024 14:43

Sist oppdatert: 12.02.2024 14:43

Mer om