Kort fortalt

Vestre: - Nokon vil ikkje lykkast

Må akseptere at nokre går konkurs, meiner næringsministeren.

24.10.2022
(NPK-NTB: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) meiner ein må akseptere at enkelte bedrifter går konkurs på grunn av høge straumprisar.

I eit intervju med Dagens Næringsliv fortel Vestre om korleis han sjølv, som barn, opplevde at familiebedrifta gjekk konkurs og dei måtte starte på nytt igjen.

– Eg var liten den gongen, men foreldra mine vart prega av det. Eg har djup respekt og forståing for at mange er bekymra og redde no. Vi håpar at flest mogleg bedrifter skal lykkast. Men nokon vil ikkje lykkast. Og sånn må det vere, seier næringsministeren.

Han vil ikkje love kontantstøtteordningar til bedriftseigarar i år – og på spørsmål om ein må akseptere at nokon går konkurs på grunn av auka straumutgifter, er svaret ja.

(©NPK)

Publisert: 24.10.2022 08:39

Sist oppdatert: 24.10.2022 08:47

Mer om