Kort fortalt

Olje-nei i Fagforbundet

Fagforbundet vil verne Lofoten og Vesterålen.

17.10.2016
(NPK-NTB): LOs største forbund, Fagforbundet, varslar kamp for å oppnå vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.
I forkant av LO-kongressen neste år har Fagforbundet levert eit forslag om at «Noregs olje- og gassproduksjon må trappas ned i tråd med måla i Parisavtalen, dette gjeld særleg sårbare og verneverdige område», ifølgje .
Forbundsleiar Mette Nord i Fagforbundet stadfestar at dei sårbare områda dei tenkjer på, er Lofoten, Vesterålen og Senja. Det bryt ganske kraftig med handlingsprogrammet som LO-kongressen samla seg om for fire år sidan: «LO vil arbeide for igangsetting av konsekvensutgreiingar i dei stengde og uopna delane av Barentshavet, Norskehavet og Skagerrak».
Forbundsleiar Leif Sande i LO-forbundet Industri Energi seier det blir kamp om forslaget.
– Vi står på at det er viktig å konsekvensutgreie Lofoten og Vesterålen, fordi det er viktig for arbeidsplassar og inntektene til Noreg, seier han.
– Viss Noreg legg ned olje- og gassproduksjonen sin, vil det ikkje gi ein klimaeffekt, fordi etterspørselen er der og andre vil levere. (©NPK)

Publisert: 17.10.2016 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44