Oljefondet satsar på havvind
Satsar milliardar i Nederland.
Statens pensjonsfond utland, også kjent som oljefondet, har kjøpt halvparten av ein nederlandsk havvindpark for 13,9 milliardar kroner.
Dette er den første investeringa fondet har i infrastruktur for fornybar energi, opplyser Noregs Bank Investment Management , som forvaltar fondet.
Havvindparken Borssele 1 & 2 vart ferdig i fjerde kvartal i fjor. Kjøpsavtalen med operatør Ørsted vart signert 7. april, og kjøpet skal vere sluttført i andre eller tredje kvartal i år.
– Vi er glad for å ha gjennomført den første investeringa vår i unotert infrastruktur for fornybar energi og ser fram til å samarbeide med Ørsted, som er marknadsleiande innan havvind. Dette er eit godt prosjekt, og investeringa er i tråd med strategien vår om å byggje ein portefølje av vind- og solkraftanlegg av høg kvalitet, seier Mie Holstad, som er NBIUMs direktør for eigedoms- og infrastrukturinvesteringar.
Borssele 1 & 2 har ein kapasitet på rundt 752 megawatt (MW) og produserer energi tilsvarande det årlege elektrisitetsforbruket til rundt éin million nederlandske husstandar.
Publisert: 07.04.2021 12:58
Sist oppdatert: 07.04.2021 12:59