Kort fortalt
Oljefondet tapte 374 milliardar
Ferske kvartalstal.
24.10.2023
(NPK-NTB): Statens pensjonsfond utland fekk i tredje kvartal 2023 ei avkastning på -2,1 prosent, tilsvarande eit tap på 374 milliardar kroner.
Avkastninga til fondet var 0,17 prosentpoeng betre enn avkastninga på referanseindeksen, tilsvarande 27 milliardar kroner.
– Aksjemarknaden har hatt eit svakt kvartal samanlikna med dei to tidlegare. Det var særleg sektorane teknologi, industri og varige konsumvarer som bidrog negativt til resultatet, seier nestleiar Trond Grande i Noregs Bank Investment Management.
Publisert: 24.10.2023 10:43
Sist oppdatert: 24.10.2023 10:43