Kort fortalt

Omfattande russisk hackarangrep

Arbeidstilsynet og BankID allereie råka.

29.06.2022

Arbeidstilsynet og BankID sine nettsider er nede. BankID stadfestar at dei er utsette for eit dataangrep.

Nettsidene til Arbeidstilsynet og BankID er begge ute av drift onsdag formiddag. Altinn skriv også på nettsidene sine at dei opplever ustabilitet.

Dagbladet melder samtidig at den russiske hackargruppa Killnet skriv på nettsidene sine at dei skal angripe politiet, UDI, BankID, ID-porten hos Difi, Nav og fleire andre norske nettsider og nettenester.

Ifølgje avisa skal dei også ha brukt eit bilete av utanriksminister Anniken Huitfeldt på det sosiale mediet Telegram, der Huitfeldt ser ut som ei maske frå Disney-filmen Maleficent.

– Vi er kjende med saka og har ikkje noko å leggje til no, seier pressekontakt Herman Ringstad i Nasjonalt tryggingsorgan til NTB klokka 10.15.

Kommunikasjonssjef Hege Steinsland i BankID stadfestar ovanfor TV 2 at nettsidene deira er utsette for eit angrep.

– Det er snakk om eit DDoS-angrep, som pøser på med trafikk på sida, seier Steinsland til kanalen.

På spørsmål om dei har nokre indikasjonar på kven som kan stå bak, svarer ho:

– Vi ønskjer ikkje å gå ut med alt vi sit på der, seier ho.

Også Arbeidstilsynet stadfestar overfor NRK at dei er utsette for eit hackarangrep.

– Arbeidstilsynet jobbar med å skjerme og avgrense angrepet, seier avdelingsdirektør Vigdis Johnsen i avdeling for IT og administrasjon ved Arbeidstilsynet til kanalen.

Publisert: 29.06.2022 10:31

Sist oppdatert: 29.06.2022 10:43