Kort fortalt

Opnar opp for karanteneslutt

Guldvog: Kan bli slutt på karantene om to–tre veker

18.01.2022

Det kan komme fleire endringar i smittesporingsstrategien Tisk om omtrent 14 dagar. Ifølgje helsedirektøren kan det innebere slutt på bruk av karantene.

Planen om endringar kjem fram i eit brev frå Helsedirektoratet til kommunane.

– Endringane vil innebere betydeleg auka bruk av testar – primært sjølvtestar, heiter det i brevet.

Kommunane får òg vite at regjeringa ønskjer at testing i stor grad skal erstatte karantene for alle nærkontaktar, også husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

For husstandsmedlemmer og tilsvarande nære gjeld framleis karantenekravet som vart innført i midten av desember 2021. Dette går ut på at alle nærkontaktar som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær til ein smitta person, som hovudregel skal i smittekarantene i 10 døgn.

Til TV 2 fortel helsedirektør Bjørn Guldvog at dette kan bety slutten for karantene, og at dette ikkje ligg langt fram i tid.

– Kanskje to–tre veker, seier helsedirektøren.

I forkant av dei eventuelle endringane ber Helsedirektoratet om at kommunane og statsforvaltarane byggjer opp lagerkapasiteten slik at kommunen kan lagre sjølvtestar tilsvarande minst to gonger innbyggjartalet i kommunen og opprettar informasjon om og logistikk for utlevering av sjølvtestar.

Kommunane blir bedne om å rapportere tilbake til statsforvaltarane når dette er gjort. Helsedirektoratet ber kommunane om å ha dette klart seinast onsdag 26. januar.

Publisert: 18.01.2022 07:12

Sist oppdatert: 18.01.2022 07:13

Mer om