Kort fortalt

Oppdrettar droppar smoltanlegg

Investeringar på kring ein halv milliard skrinlagt.

NPK
17.08.2022

(NPK): Dyr straum, biomassenedtrekk, treg saksgang og auka skattetrykk er forklaringa på at Firda Seafood har bestemt seg for å skrinleggje planane om eit storsmoltanlegg i Gulen i Vestland.

Planen var ei investering på mellom 500 og 600 millionar kroner, men no har Firda-sjef Ola Branaas bestemt seg for å droppe anlegget som var planlagt ved Mjåsundet mellom dei to øyane Sandøyna og Mjømna i Gulen i ytre Sogn, skriv Fiskeribladet.

Selskapet grunngjev avgjerda mellom anna med at dei vart ramma av raudt trafikklys og biomassenedtrekk på seks prosent tidlegare i år.

– Dette er andre gongen vi har fått redusert produksjonen vår. Heilt enkelt betyr dette at vi har 12 prosent lågare produksjon å forsvare faste kostnadar med, skriv Braanaas i ein e-post til avisa Nordhordland.

Auka straumprisar gjer det også mindre aktuelt å bygge landbasert oppdratt sør for Sognefjorden. Nord for Sognefjorden er straumen mellom 200 og 300 gonger billegar enn i Gulen kommune, forklarar Braanaas.

I eit Facebook-innlegg peikar han også på treg saksgang. «Etter 6 års saksgang er løyve enda ikke gitt fra Vestland fylkeskommune, og det for et tiltak som er politisk ønsket i kampen mot lakselus, og for nyskapning og aktivitet», skriv han.

(©NPK)

kirsten.offerda

Publisert: 17.08.2022 11:13

Sist oppdatert: 17.08.2022 11:15

Mer om