Kort fortalt

Oppdrettarane står på bremsen

Nesten ingen nye investeringar.

30.06.2023

NPK-NTB: Av dei ti største oppdrettsselskapa her i landet har berre eitt vedteke ei stor investering etter at grunnrenteskatten vart vedteken.

Av dei ti selskapa som Dagens Næringsliv har vore i kontakt med, er det berre Cermaq som har gjort vedtak. Selskapet skal byggje eit setjefiskanlegg i Finnmark.

I slutten av førre månad vart det semje på Stortinget om å redusere den såkalla lakseskatten frå den foreslåtte satsen på 35 prosent til 25 prosent.

Mowi, det største oppdrettsselskapet i verda, har stansa alle større strukturinvesteringar i Noreg inntil vidare, opplyser kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland.

– Dette er alle gode prosjekt, som vil bli realisert når rammevilkåra tillèt det, seier han til DN.

– Vi ventar framleis på detaljar om normpris og reglar om internprising, seier kommunikasjonsdirektør Kristina Furnes i Grieg Seafood Group.

Publisert: 30.06.2023 08:48

Sist oppdatert: 30.06.2023 08:48