Kort fortalt
Oppdrettarar tapte mot staten
Gjekk til søksmål etter raudt lys.
17.03.2021
(NPK-NTB): Dei 25 oppdrettsbedriftene på Vestlandet som saksøkte staten etter pålagt raudt lys og biomassenedtrekk, tapte saka i Sunnfjord tingrett.
Årsaka for søksmålet var at oppdrettarane i produksjonsområdet mellom Nordhordland og Stad hadde vorte vart pålagt raudt lys og biomassenedtrekk med seks prosent som ei følgje av Trafikklyssystemet.
Oppdrettarane gjekk til søksmål mot styresmaktene fordi dei meinte at det ikkje var fagleg grunnlag for avgjerda, som var basert på høge lakselusnivå i området, skriv ilaks.
(©NPK)
Publisert: 17.03.2021 17:30
Sist oppdatert: 17.03.2021 17:32