NPK: For nokre år sidan oppdaga ein undervassfotograf eit stort korallområde med store mengder blomkålkorall ved Husevågøy ytst i Nordfjord i Sogn og Fjordane. No skal det kome oppdrettsanlegg i området og det kan øydeleggje for korallane, ifølgje Fylkesmannen.
Fylkesmannen og Havforskingsinstituttet ante ikkje at korallområdet eksisterte før dei blei varsla av undervassfotografen, Erling Svensen, i sommar. Då hadde dei alt gitt løyve til å plassere eit oppdrettsanlegg i området, skriv
Fylkesmannen trekte tilbake løyvet, men oppdrettsselskapet klaga på avgjerda til Miljødirektoratet. Sidan laksesmolten og anlegget alt var bestilt, har oppdrettarane fått lov å setje i gang.
– Miljødirektoratet burde tatt ei rask avgjerd og flytta anlegget vekk, seier Erling Svensen til statskanalen.
– Det er ein fortvilande situasjon, seier Carl-Erik Arnesen, styreleiar i Troland fiskeoppdrett, som eig oppdrettsanlegget saman med Austevoll Melaks og Langøylaks.
Han fryktar milliontap om staten ombestemmer seg, og seier dei vil overvake området for å sjekke om blomkålkorallen vert påverka.

Publisert: 25.11.2019 11:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31