NPK: Ny rapport viser at oppdrettstorsk gyter utanfor den vanlege gytetida for villtorsk. Det aukar risikoen for at oppdrettstorsk kan påverke gena til villtorsk.
Det viser ein ny kunnskapsgjennomgang, ifølgje Havforskingsinstituttet.
Vanleg gytetid for torsk er frå februar til april, men det er fleire gonger påviste gytemoden oppdrettstorsk i merdar på ulike årstider. På sikt kan dette føre til genetisk påverking på villtorsk.
– Oppdrettstorsk har mykje mindre variasjon i gena sine enn vill torsk. Dersom avkom frå gyting i merd veks opp og gyter saman med villtorsk, kan genetisk variasjon hos villfisken bli redusert, seier havforskar Terje van der Meeren.
Genetisk variasjon er viktig for at bestandane skal klare seg bra på sikt.
– Jo større variasjon i gena, jo større sannsyn er det for at det finst individ i ein bestand som taklar til dømes miljøendringar betre enn andre individ. Slike endringar kan vere auka temperatur eller havforsuring frå klimaendringane, seier forskaren.
På oppdrag frå Fiskeridirektoratet har forskarar ved Havforskingsinstituttet vurdert risikoen for at oppdrettstorsk kan gyte ved utvalde anlegg langs kysten frå Vestlandet til Nordland.
Resultata er tydelege:
– Vi ser at temperaturen i alle dei vurderte anlegga er slik at egg kan overleve utanom normal gytesesong i delar av året, seier han.
Publisert: 05.12.2024 08:05
Sist oppdatert: 05.12.2024 08:05