Bjørn-Vegard Løvik og Johan E. Andreassen er sentrale – både i drifta og på eigarsida - i selskapet Prophylaxia som kallar seg landets minste oppdrettsselskap. Med til verksemda høyrer Norsk Edelfisk som har smoltanlegg på land. Adressa er Vikebukt i Vestnes.
– Vi er ein liten lokaleigd oppdrettar med to anlegg i sjøen. Også har vi ein draum om å vekse litt, seier Løvik då Nett No ber han fortelje om selskapet.
Sjølv om Prophylaxia og Norsk Edelfisk er små samanlikna med dei største i bransjen, gir verksemda arbeid til kring 50 tilsette. Gjennom Prophylaxia har dei to anlegg i sjøen i Romsdalen, i tillegg til to lukka anlegg av typen «Egget» som er eigd av Norsk Edelfisk.
Først til å ta i bruk ny type lukka merd
Bjørn-Vegard Løvik er styreleiar og påpeiker at selskapet har jobba med lukka anlegg sidan 2022. Det gjer at selskapet allereie har gjort seg erfaringar.
Denne veka blei det kjent at Prophylaxia også blir dei første til å ta i bruk den utgåva av ei stålmerd som Bauta-konsernet tenker sette i produksjon på det tidlegare Vard-anlegget på Aukra.

– Vi starta tidleg med landbasert oppdrett og no er vi tidleg ute med lukka oppdrett. Sidan vi har erfaring med landbasert oppdrett frå Atlantic Sapphire, er ikkje lukka anlegg så fjernt frå det vi har drive med tidlegare, seier Løvik.
Gjennom sitt felles selskap Alsco Aqua, er duoen også med på eigarsida i Oceandock, som har opsjon på ti slike stålmerdar. Det same er Bauta Group og brønnbåtreiarlaget Rostein.
Fleire fordelar med lukka oppdrett
Partnarane meiner produksjon av laks i ei lukka Varig-merd er langt mindre avansert, enn eit fullskala landbasert anlegg.
Planen er at fisken blir halde i dei lukka anlegga opp til den er ein til halvannan kilo. Etterpå blir den flytta over til ordinære merdar i sjøen fram til når slakteklar vekt.

Andreassen påpeiker at det er fleire fordelar med metoden. Erfaringa selskapet har med «Egget» viser ein dødelegheit kring éin prosent – som er langt under snittet i bransjen.
I tillegg gir betre fiskehelse at den veks hurtigare.
– Vi har 20 prosent betre forfaktor og 35 prosent betre vekst i dei lukka anlegga vi har i dag. Om ein gjer matematikken på det, så forstår ein at det kanskje ikkje er så dumt, seier Andreassen.
Meiner lukka oppdrett bør få betre vilkår
Om ein skal nå måla for vekst i bransjen, trengst det likevel meir draghjelp frå styresmaktene, meiner duoen.
Ettersom lukka merdar i sjøen løyser dei same utfordringane som landbasert oppdrett - med lakselus, rømming og miljøavtrykk, meiner dei metoden bør same rammevilkår.
– Om denne metoden blir sett i same bås som landbasert oppdrett med gratis konsesjonar, vil det ta fullstendig av. I dag går reglane i disfavør av lukka anlegg i sjø, seier Andreassen.
Så langt har bransjen snakka for døve ører til politikarane på det området. Tidlegare forslag om å til eksempel kunne bytte inn konsesjonar i sjø mot fleire lukka konsesjonar, har ikkje vore teke inn i den politiske verktøykassa.

USA-satsing: – Mykje meir vanskeleg enn vi trudde
Dei som kjenner duoen Løvik og Andreassen veit at dei var mellom gründerane og leiinga i Atlantic Sapphire. Det som skulle bli eit lakseeventyr med landbasert oppdrett i Florida, har mest vorte eit tapssluk for investorane.
Selskapet har framleis adresse i Vestnes, men begge to er i dag ute som aksjonærar i Atlantic Sapphire. Dei følgjer likevel med frå sidelinja.
– Det var mykje meir vanskeleg enn vi trudde, men vi har bevist at det går an å lage laks på land. Og den blir selt og spist av konsumentar i 2000 butikkar i USA kvar veke, seier Andreassen om erfaringa med Atlantic Sapphire.
– Vi har av og til vore for tidleg ute, og det er ikkje alltid at den som er først, som får hauste gevinsten, seier Andreassen.

– Håpar at dei lukkast
– Problemet er at mengda fisk vi trudde det var mogleg å lage per kubikkmeter var for optimistisk, fortel Andreassen.
Mindre fisk gir mindre inntekter, samtidig som kostnadene er høge. Slik har selskapet hamna i ein negativ spiral der børsverdiar for milliardar er gått tapt.
– Det er godt mogleg at dei nye investorane får att pengane, og den siste oppdateringa på veksten var positiv. Eg håpar at dei lukkast og at bedrifta blir lønnsam nok til å bestå, seier Andreassen.
Begge er overtydd om at det har ei framtid føre seg å drette opp fisken i USA, for å sleppe utslepp og kostnadar med frakt frå andre sida av kloden.
– Av og til gjer du noko rett, og av og til noko som er feil. Så er det om å gjere å kapitalisere på det ein gjer feil og bruke det til noko verdiskapande i framtida, seier Løvik.
Ved sidan av hovudgeskjeften har oppdrettsduoen har også investert i litt eigedom i lokalmiljøet.
– Det er litt for å diversifisere, også er det fordi vi er lokalpatriotar. Vi synes til eksempel det er gøy å vere med å utvikle Vestnes sentrum, seier Andreassen.
Publisert: 30.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 29.04.2026 22:41






