Kort fortalt

Oppgraderer snøproduksjonen

Ørsta Skisenter skal automatisere snøproduksjonen.

02.03.2022

Prisen for ei full oppgradering av snøproduksjonsanlegget er rundt 7 millionar kroner, i følge tilbod som er henta inn, skriv Møre-Nytt.

Skisenteret vil i første omgang investere seks millionar kroner.

Planen er å finansiere oppgraderinga av snøproduksjonsanlegget med to millionar kroner i spelemidlar, to millionar i sponsorinntekter og dugnad, og to millionar kroner i lån, inkludert kommunal garanti.

Sparebank1 Søre Sunnmøre har varsla at banken vil gi ein million kroner i støtte.

Publisert: 02.03.2022 11:32

Sist oppdatert: 02.03.2022 11:38