Kort fortalt

Ordførar om Langlo-konkurs: – Kjempetrist

Trur dei tilsette vil få nytt arbeid.

21.11.2025

– Kjempetrist, seier  Stranda-ordførar Einar Arve Nordang til Sunnmørsposten etter nyheita om at Langlo melder oppbod. 

Tillitsvalde fortel til avisa at dei fryktar det blir vanskeleg for alle å kome i arbeid att. Ordførar trur likevel det skal vere mogleg. 

– Her er bedrifter som treng arbeidskraft med ein gong. Det er kamp om arbeidskrafta. Dei som mister jobben i Langlo må nok bytte karriere, men det skal ikkje vere vanskeleg å få anna arbeid for dei som vil jobbe, seier Nordang til avisa. 

Publisert: 21.11.2025 16:31

Sist oppdatert: 21.11.2025 16:31

Mer om